Tur til Knivsflå, søndag 8.august 2010
21 turglade personar møtte opp på kaia i Geiranger klare for å ta Knivsflå og Geirangerfjorden i "øyensyn". M/S Geirangerfjord køyrde fint oppunder berget i Knivsflåfjøra og sett oss av der. På berget stod Kjetil Knivsflå klar til å ønskje oss velkomne og "geleide" oss opp den smale og bratte stien som ikkje var verre enn at sjølv folk med høgdeskrekk, synest det var flott. Veret vart både finare og varmare utover dagen, og fjorden låg spegelblank under oss. Heldigvis vart ikkje utsynet øydelagt av gråskodda denne dagen.
Vertsfolket Astrid og Kjetil Knivsflå med familie diska opp med kaffi, saft og nysteikte sveler som vart steikte på helle ute over ei steingrue. Utruleg kor godt kaffien og maten smakte! Vi fekk elles sjå inn i husa, og vi fekk ein demonstrasjon av korleis løypestrengen fungerte. Kjetil fortalte oss også litt om historia til Knivsflå. Nokre av oss var bort til Dei sju systrene som låg 2 minutts gange frå garden. Alle storkosa seg og naut plassen, utsikta og veret. Turen nedatt gjekk både fort og lett, og etter ein pust i bakken og ein dukkert i sjøen, kom båten innunder land og henta oss tilbake til Geiranger.
Hytteforeininga vil takke Astrid og Kjetil m.fam for ein flott og minnerik tur. Takk for gjestfriheita dykkar og for god mat og drikke.


                                                                                    
Kjetil står klar i båtstøa for å ta imot gjestane


Frå baugen på Geirangerfjord gjekk vi i land på berget
   


Astrid og Kjetil ønskjer siste mann velkomen       


Så "klatrar" vi oss opp gjennom lia


Fin utsikt over fjorden til Friaren frå råsa opp til Knivsflå


Her er karane komne heilt opp og nyt utsikta


Med flagget til topps!


Dei som besøkte dette vesle huset, fekk "lufte seg"i dobbel forstand.


Vi var heilt bort til dei næraste av dei sju systrene.


Her forsvinn "systrene" ned og ut i fjorden


Matøkt!


Svelesteiking i det fri. Nydeleg gode vart dei!


Jau då, leiaren vår var også med!


Varmt og fint ved låveveggen


Astrid har overteke steikinga med god hjelp frå dottera.


Vi fekk også møte nokre små ubodne gjestar


Kjetil orienterer litt om historia til Knivsflå


Det var livlig båttrafikk på fjorden

Her fekk vi sjå løypestrengen i bruk


Turen nedatt gjekk fort og greitt


Vi venta nokre få minutt nede ved sjøen før båten kom og henta oss.


Ei "modig"dame nytta ventetida til ein dukkert.


M/S Geirangerfjord kryssa fjorden etter å ha henta folk i fjøra ved Skageflå,
og sette kursen oppunder land for å hente oss.
Hit Counter Alle kom tidsnok nedatt for retur til Geiranger
Til startsida