Leiaren  har ordet:

  • Med vasspostar som i hovudsak har samla overflatevatn til bruk i nokre få månader i året, har feltet no to vasspostar med god kvalitet til bruk heile året, men vi manglar framleis ein i vest.

 

  • Den saka som styret har prioritert høgast, har vore å få til eit spleiselag med Skjåk Energi as. Ønskje her har vore å få bort høgspent og luftspenna mellom hyttene. Her vil eg gi honnør til Skjåk Energi som har vist stor velvilje til å gjennomføre dette prosjektet saman med hytteeigarane: 3-4 km kabel og breiband som for det meste er kome i jorda.

 

  • Gjennomføringsperioden vert 1-2 år.

 

  • Vi har etter kvart sett at fleire vegar har vorte laga i feltet til irritasjon for nokre og til nytte for andre. Vi må difor ta denne saka opp til drøfting på neste årsmøte som vert i påska.

 

  • Hytteforeninga er oppteken av det estetiske og vil difor etter at prosjektet med Skjåk E. er fullført, gjennomføre ein dugnad for å flikke på gamle og nye "sår".

 

  • Skomakar-hytta" frå 1860 står til forfall! Vi har hatt synfaring med Bjørn Dalen i Skjåk Kommune, og søknad er sendt om midlar til restaurering av steinhytta. Norsk Kulturminnefond skal avgjere dette i nov./des. 07. Resultatet kan du finne på www.kulturminnefondet.no rundt den 20.desember.Alle med interesse for denne hytta er velkomne til dugnad og sosialt samvære.

 

  • Til slutt vil eg takke for god dugnadsånd og oppslutning om foreininga.


                       Frå synfaringa :Terje Andersen, eg, Arild De Pressno og Olav Solheim

                                           







                                               Nokre av dugnadsgjengen i vest........

                                                        ... og nokre av dei i aust.