|
Reguleringsbestemmelser – Breidablikk
hyttefelt.
Reguleringsbestemmelsene gjelder for det området som på
plankartet er vist med reguleringsgrense.
Området er
regulert til fylgjande formål:
1.
Byggeområde. (Sirkel med radius
12,5 meter).
2.
Trafikkområder.
3.
Landbruk/skogbruk.
4.
Fareområder. (Høgspentline).
Hyttetomt er
i denne planen betegnelsen på det areal som begrenses av ein
sirkel med radius 12.5 meter frå den
merkepel som er nedsett i terrenget, uansett om tomten skal
frådeles, bortfestes eller bebygges med utleigehytter.
Hyttene skal
plasserast slik at terrengpel kjem innanfor hytteveggen.
Ved evt.
frådeling forutsettes kun frådelt areal som ligg innanfor
sirkelen.
Evt.
punktfeste forutsettes knytta til terrengpel.
§ 1. Den
samla bebygelse på kvar tomt må ikkje overstige
100 m2 (inkl. evt. anneks, uthus m.m),
målt etter utvendige veggmål.
(Seinare endra til 125 kvm T-BRA i kommuneplan 2006)
Bebugelsen kan
berre oppførast i ein etasje.
§ 2. Den
samla tillatte bebyggelse kan oppførast som :
a)
Ein bygning (hytte og uthus under samme tak).
b)
To
bygningar (frittstående hytte og uthus ).
Uthuset skal kun nyttast til oppbevaring og evt. toalett,
og må ikkje danne eigen hytteeining
§ 3. På kvar
hyttetomt skal det nedsettjast ein solid terrengmerkepel.
Bygningsrådet fastsett den nøyaktige plassering og
foretek innmåling av merkepelen.
Bebygelsen må i sin heilheit ligge innanfor ein sirkel
med radius 12,5 meter frå terrengmerkepelen.
§ 4. Alle
bygningane skal ha saltak med takvinkel 18-28 grader.
Tak og fasader skal ha mørke og matte farger. Bølgeblikk
og korrugerte metallplater tillates ikkje.
Viser ellers til retningslinjer for oppføring av
fritidsbygg, husvære for sæterbruk og skogsdrift i
Skjåk
kommune. Godkjent av Skjåk kommunestyre den 30. juni 1994.
§ 5.
Inngjerding av eit mindre nærområde i tilknytning til bebygelsen
kan tillates av kommunen når hensyn til
vern mot beitefe eller andre spesielle forhold tilsier
det.
§ 6.
Vegetasjon skal ikkje fjernast frå tomta med mindre dette er
nødvendig for oppføring av bygningar.
Bebygelse skal tilpassast terrenget og eksisterande
vegetasjon. Alle inngrep i terreng og vegetasjon må
utførast så skånsomt som mogleg.
§ 7.
Siuasjonsplan skal innsendast samen med byggesøknaden. Planen
skal være i målestokk 1:500 eller
betre, og skal vise aktuelt byggesteg og evt. framtidige
byggesteg.
§ 8. Unntak
frå desse reguleringsbestemmelsane kan, når særlege grunnar
talar for det, tillatast av kommunen
innan ramen av bygningsloven og bygningsvedtekter for
Skjåk kommune.
PLANBETINGELSAR.
I det
fylgjande beskrives betingelsane eller forutsetningane som ikkje
kan sikrast gjennomført direkte gjennom reguleringsplan og
reguleringsbestemmelsane.
BYGGEOMRÅDER.
Alle tomtene
skal utstikkast som spredd bebygelse.
ADKOMST.
Adkomst
skjer frå gamal riksveg til Geiranger som går gjennom feltet.
Det blir opparbeidet felles parkeringsplassar langs denne vegen.
Ferdsel fram til kvar hytte skal skje til fots.
I
byggeperioda kan det likevel som vist på reguleringsplankartet
og etter anvisning frå kommunen ryddast slik at det er mogleg å
kome fram til hytta med traktor.Desse vegtrasseene skal etter at
byggeperioda er over planerast, tilpyntast og såast til.
VASSFORSYNING.
Det skal
ikkje leggjast vatn inn i hyttene.
Vatn blir
teke fra utbygde vasspostar rundt om i feltet. Frå desse
vasspostane kan det leggjast ledningar til meir sentrale
tappesteder.
AVLØP.
Spillvatn
frå dei enkelte hyttene kan tømast i steinsett synkekum.
PRIVERTORDNING.
Det skal
nyttast biologisk toalett evt. utedo med tett kum. Bygningsrådet
godkjenner samstundes med byggeloyve kva for type som skal
nyttast.
RENOVASJON.
Avfall
fraktes i tette sekker til oppsett bod/container på
vinterparkeringsplassen.
STRØM.
Elektrisk
strøm skal førast fram til hyttene ved nedgravd kabel.
Bygningsrådet kan godkjenne evt. hovudstrekk som luftkabel der
forholdene ikkje ligg til rette for jordkabel.
(Vanskelege grunnforhold).
|