|
|
|
Regulering
av vegane i Breidablikk hyttefelt
|
5.mai skal Skjåk kommune ha eit førebuande planmøte
på Lillehammer vedrørande vegane/reguleringsendring
i Breidablikk hyttefelt. Dersom det går "vår veg",
vil så kvar hytteeigar få tilsendt eit utkast
av planen frå kommunen med svarfrist for uttale.
Hytteforeininga legg ut karta over området her og
oppmodar hytteeigarar som har felles veg om å
samsnakkast. Er vegplanen ok, eller er det ønskje om
justeringar? Det er greitt å vere litt i forkant då
svarfristen for uttale ikkje er lang. Karta er lagt
inn som PDF-fil. Kart kan de også sjå på veggen ved
vassposten på parkeringsplassen.