Litt om fjordgarden Knivsflå /Bilde og tekst ved Astri og Kjetil Knivsflå

Knivsflå ligg på ei fjellhylle like ved fossane «Dei sju søstre», Knivsflåfossane,  i Geirangerfjorden.
Garden ligg på omlag same høgd som nabogarden på andre sida av fjorden, Skageflå, 250 m.o.h.
Garden er gamal, og er nemnd i skriftlege kjelder alt i 1603. Den gongen var Knivsflå øydegard. Det tyder på at garden kan ha vore rydda mange generasjonar tidlegare.
Busetjinga på Knivsflå har ei lang historie med skifte av eigarar og deling i to bruk, Ingebrikttunet og Jakobtunet.
I eldre tid gjekk Knivsflå for å vere ein av dei beste gardane i Geirangerfjorden. Her var det solrikt, noko som gjorde at beiteforholda var gode. På det meste var det 18 kyr og opp mot 100 geiter her. Folket her livnærte seg både av fjorden og fjellet. Garden hadde også korn til eige bruk. Sjølv i dårlege tider hadde folket på Knivsflå rikeleg med mat.
Terrenget garden ligg i er farleg, med sine stup og bratte elvefar. Meir enn på andre fjord- og fjellgardar har ulykker og tidleg død prega livet på Knivsflå. Til dømes den 15 år gamle Oline Marta, som var på heimveg frå sætra, med mjølkebør på ryggen. I det ho skulle krysse elvane sklei ho og hamna i «Dei sju søstre».  Ein trugande fjellhammar ovanfor husa gjorde at heradsstyret bestemte at garden skulle fråflyttast i 1898. Hammaren heng der enno.
Sjølv om folket flytta inn til bygda, vart dei to gardsbruka på Knivsflå brukt til slåttemark heilt til 1960-åra. Høyet vart tørka på Knivsflå, frakta ned til sjøen på løypestreng og rodd inn til Geiranger, der husdyra stod.
Kjetil har sett opp eit gammalt tømmerhus på dei gamle murane. Elles stend det ei løe og ei bod igjen på tunet. I dag er Knivsflå besøkt av hundrevis av turistar kvar sommar, og det vert framleis jakta her i hausthalvåret.

Turen opp frå naustet…..
tek om lag 40 minutt, vanleg gange. Det er sjølvsagt brattlendt, og råsa går i svingar. Stødige joggesko eller fjellsko er å føretrekke. På seinsommaren er det til tider ein del flått i området. Det kan difor vere lurt å kle seg med glatte klede.


                                   
Vi gler oss til ein minnerik dag på ”Kniven”.
Friaren
                                           Friaren

Oernesvingen
                         Knivsflå sett frå Ørnesvingen

                       Knivsflå sett frå råsa mot Gomsdal
Knivsflaa
                                    Knivsflå
Snart framme
                                 Nesten framme!
 
                                       Utsikt frå garden
   
Utsikt mot Friaren    
                                        Utsikt mot Friaren                                                       Hit Counter