Maling av buda – 2.september 2017

Buda på parkeringsplassen var noko verslitt og det var på tide med eit malingsstrøk. På kort varsel vart minidugnaden varsla på heimesida og saman med utsending av åsmøtepapira, og ein passe stor gjeng møtte opp. Med god prat og latter gjekk arbeidet i ein fei, og det tok ikkje lang tid før buda framstod frisk og fin i fargane att. Vi var alle enige om at dugnad er positivt for miljøet i hytteforeininga.