Knivsflå Geirangerfjorden – 2010

21 turglade personar møtte opp på kaia i Geiranger klare for å ta Knivsflå og Geirangerfjorden i «øyensyn». M/S Geirangerfjord køyrde fint oppunder berget i Knivsflåfjøra og sett oss av der.

På berget stod Kjetil Knivsflå klar til å ønskje oss velkomne og geleide oss opp den smale og bratte stien som ikkje var verre enn at sjølv folk med høgdeskrekk syntest det var flott.

Veret vart både finare og varmare utover dagen, og fjorden låg spegelblank under oss. Heldigvis vart ikkje utsynet øydelagt av gråskodda denne dagen.

Vertsfolket Astrid og Kjetil Knivsflå med familie diska opp med kaffi, saft og nysteikte sveler som vart steikte på helle ute over ei steingrue. Utruleg kor godt kaffien og maten smakte!

Vi fekk elles sjå inn i husa, og vi fekk ein demonstrasjon av korleis løypestrengen fungerte. Kjetil fortalte oss også litt om historia til Knivsflå.

Nokre av oss var bort til Dei sju systrene som låg 2 minutts gange frå garden. Alle storkosa seg og naut plassen, utsikta og veret. Turen nedatt gjekk både fort og lett, og etter ein pust i bakken og ein dukkert i sjøen, kom båten innunder land og henta oss tilbake til Geiranger.
Hytteforeininga vil takke Astrid og Kjetil med familie for ein flott og minnerik tur. Takk for gjestfriheita dykkar og for god mat og drikke.