Skageflå med overgang til Homlongssetra og Geiranger – 2013

I nydeleg ver reiste 14 turgåarar til Geiranger for å ta turen til Skageflå. Båten gjekk kl. 09.30 frå Geiranger, og det tok ikkje lang tid før vi var klare til å stige av i fjøra ved Skageflå.

Turen opp til garden var bratt, men med rekkverk og wire til å halde seg fast i, gjekk turen opp fort og greitt. Nokre stopp måtte ein ta seg tid til for å nyte den fantastiske utsikta.

På Skageflå vart det stopp og matykt, og alle fekk skrive seg inn i gjesteboka. Turen vidare var noko lenger, og enkelte fekk også utfordra høgdeskrekken sin, men det gjekk flott.

Det vart stopp på Homlongsetra også, før siste kneiken ned til Homlong. Enkelte nytta høvet til ein avkjølande dukkert i sjøen der.

Turen vart avslutta med ein nydeleg lunsj på Union Hotell før vi leita oss oppatt på hyttene i Breidalen.