Påskeaktivitet 2017

Skjærtorsdag 13. april 2017 skein sola fint i Breidalen og ca 50 små og store møtte opp på sletta aust om buda til årets Påskeaktivitet. Styret hadde laga klart for aking og hopp, det var fyr i bålpanna, og tilbud om varm gløgg og litt påskegodt. Roger annonserte høglydt konkurransen for opna, og det var 14 deltakarar som prøvde seg på aking og/eller hopp. Med startnummer på brystet vart konkurranseinstinktet tent både hos små og store, og innsatsen var upåklageleg. Sparebank1 Søre Sunnmøre sponsa oss med premiar til konkurransene, og vi kunne dele ut nyttige skiholdarar, hanskar, buff, drikkeflasker og sitjeunderlag. Hovedpremien ein tursekk gjekk til den tøffe jenta som vann både aking og hopp i klasse 0-6 år.