Grilltreff  Grillkveld ved Hamsehytta
Junikveldane er tid for grilling. Ein gjeng hyttefolk pakka ryggsekkane og sette kursen mot Hamsehytta. No skulle "plassen vår" prøvast ut. Det vart ein kjekk kveld med god mat og drikke, og ikkje minst triveleg samvær. Her inne er det lunt og fint, og ein har sola lenger enn i hyttefeltet. Jau, dette er ein fin møteplass for både små og store.
 Ta ein tur då vel!
PS: Vi får setje langbord med benkar til på ønskelista vår
        Grillmester
ved gamma
 
 Til inspirasjon!
I 1985 laga Else Klepp dette linoleumstrykket i svart kvitt. Eg synest det var artig at  akkurat  Hamsehytta var det som inspirerte ein amatør til å prøve seg på denne teknikken for første gong.- Som de ser, var det heller ikkje på den tida dør i hytta, men innvendig var ho noko meir intakt enn no før restaureringa, fortel Else. - Vi måtte alltid ta ein tur innom hytta når vi gjekk turar i området her.
 Gamma 1985       
Restaurering av Skomakargamma på dugnad
To dugnadsdagar er unnagjort. Den 28. juni greidde dei frammøtte å ta ned taket og fjerne dei rotne bjelkane. Litt fleire møtte opp på den andre dugnadsdagen. Vergudane var på lag, og det vart ein triveleg og flott dag der alle fann noko dei kunne bidra med. Hytteforeininga sytte for god mat og drikke. Ut på ettermiddagen då leiaren av foreininga "bles" av arbeidet, såg vi tydeleg konturane av korleis hytta ville bli inne. Styret takkar alle for kjempegod arbeidsinnsats og deler ut "ei rose til kvar."
                                           
               

          

Segn eller sanning?

På slutten av 1970 åra var familien min på tur inni Hamsedalen. Her kom vi i prat med ein kar som synest vere godt kjend i området. Vi prata om mangt og mykje, og han peika ut Hamsehytta eller Skomakargamma som var namnet han brukte. Han kunne fortelje denne historia:
Ein skomakar budde her i hytta delar av året. Han reparerte sko til folk (kanskje også hestar) som var på veg over fjellet til og frå vestlandet. Han hadde også kona med, og som husdyr skal dei ha hatt ei geit. Han fortalte vidare at kona drukna då ho gjekk gjennom isen på Kjerringtjørni. Namn som Skomakardalen, Skomakarelva, Kjerringtjørni og Kjerringelva skal skrive seg frå dette paret som i farne tider heldt til her.
Har nokon høyrt denne eller ei liknande historie, høyrer eg gjerne frå dykk. Kanskje kan det kome fleire historier på trykk!
erna.erstad@c2i.net
 
 

                              Restaurering av Hamsehytta

Hamsehytta vart bygd i dei første åra det var fjellstugumann ved Grotli rundt 1840-60. Ho er etablert av den norske stat som husvære for reisande over fjellet til Geiranger. I 1860-åra vart Grotli fjellstugu bygd og i  1906 Grotli høgfjellshotell. Litt lenger nede ligg Heillstugu som eit sælehus frå middelalderen. Ein finn såleis i dette område fire generasjonar av overnattingshus på fjellovergangen.

Hamsehytta var ei mellomløysing for å skaffe husvære til den aukande mengda av reisande over fjellet mellom aust og vest. Hytta ligg idyllisk til i eit frodig landskap i Hamsevika.

Like ved ligg Breidablikk hyttefelt med ca.100 hytter. Hytteforeininga ønskjer å setje i stand den gamle steinbua for felles bruk.

                   

Hytta er tenkt brukt som eit viktig supplement til friluftsliv med læring om den gamle ferdsla over fjellet. Primært vil nok hytta bli brukt av hyttefolket i Breidablikk hyttefelt, men elles også av turgåarar og folk som går turistforeiningsruta  til Tafjord. Det er og aktuelt å lage turar for skuleklasser for å lære om ferdsla i fjellet.

                                          

                                                                    Frå innsida