Bandtvang for hund

https://lovdata.no/dokument/JB/forskrift/2007-06-28-864

Skjåk kommune praktiserer utvida bandtvang for hund. På heimesida til kommunen kan vi lese fylgjande:

I Skjåk kommune skal hundar ut over den generelle bandtvangen i perioda 1. april-20. august haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda slik det går fram av pkt. a-e nedanfor:

a) Heile året i boligområde (område vist som boligformål i arealdelen til kommuneplanen dvs. Bismo, Bismo I.II.III, Uppnose, Aurmoen, Aamodt, Bismo sentrum, Blåbærmyra), og handleområdet i Bismo.

b) Heile året på idrettsanlegga i Bismo og Framruste.

c) På merka og preparerte skiløyper frå det tidspunkt dei blir preparert og fram til og med 31. mars. Jf. den til kvar tid gjeldande løypeplan for Skjåk.

d) I rekreasjonsområde (avgrensa slik det går fram av vedtekne reguleringsplanar for hyttefelta Liavatn, Grotli, Breidablikk, Aurmo II, Pollodden), 21. august – 15. oktober.

e) Område der bufe beiter i tida frå 21. august til 15. oktober.