Om oss

Breidablikk hyttefelt ligg ca 900 m.o.h. ved RV15 i Breidalen i Skjåk kommune, fem kilometer vest for Grotli.

Breidalen med sin storslåtte natur er eit fint utgangspunkt for flotte fjellturar, sommar som vinter.

Hyttefeltet ligg i inngangen til den vakre Hamsedalen med merka stiar og mange vatn som innbyr til både fiske og forfriskande bad på varme sommardagar.

Skiglede kan du nyte halve året med eit stort løypenett innan kort avstand og skitrekk ved Grotli Høgfjellshotell.

Breidablikk hytteforening vart stifta i 2005. Formålet for hytteforeninga er å skape trivsel for hyttefolket og tilreisande, der omsynet til natur og miljø ligg i botnen.

Hytteforeninga er registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund med organisasjonsnummer 918 448 608.

Bankkonto til Breidablikk Hytteforening er: 3991 06 71670.

Buda

Buda

Buda på parkeringsplassen tilhøyrer hytteforeninga. Medlemmane i hytteforeninga kan få nøkkel til buda mot eit depositum på 200,-.

Les meir

Vedtekter

Vedtekter for Breidablikk hytteforening

Les meir

Styret

Sjå medlems- og kontaktinformasjon til styremedlemmene i Breidablikk hytteforening.

Les meir