Påskeleikane 2016

Påska 2016 arrangerte hytteforeninga aktivitetsdag for store og små på Skjærtorsdag ettermiddag. Vi heldt til på flata og i bakken rett aust om Buda/parkeringsplassen.

Mange hadde møtt opp, og det vart ei kjekke stund med ake- og hoppkonkurranse der deltakarane viste stor innsatsvilje.

Grilling og varm gløgg smakte godt etter aktivitetane, og praten gjekk laust.

Det var sjølvsagt  premieutdeling i begge greinene med fine premiar, påskegodt og artige ballongfigurar til alle.

Vi satsar på at endå fleire stiller neste påske. Eit kjekt arrangement der vaksne og ikkje minst ungane kan bli kjende med hyttenaboane sine.