Viahøi

Trimposten på Viahøi er plassert på varden som står på kanten mot Breidalen.

Ruta til Viahøi går langs ryggen frå hyttefeltet. Det er ikkje merka sti til toppen, men fint og lett terreng å gå i. Frå varden er det flott utsikt over Breidalen og Hamsevika, og går ein lenger innover fjellet får ein vidt utsyn over Hamsedalen. Det er mulig å gå vidare ned til Ola-bui. Denne ruta er ikkje merka.