Ny bru over elva i Hamsedalen

Det har ikkje alltid vore like enkelt å kome seg over elva litt opp i Hamsevika etter at snø og is øydela brua der.

Hytteforeninga ynskte å få orden på dette, og «lyste» til dugnad laurdag 18. august kl. 11.

Materiell vart anskaffa, og åtte nevenyttige og staute karar stod klare til innsats ved «brua» laurdag morgon, og jammen vart dei ferdige i rimeleg tid ut på ettermiddagen.

Resultatet vart flott og eit pluss for alle som ferdast i området. Tusen takk for innsatsen!