Fellesturar

Hyttefeltet ligg i eit eldorado for gode naturopplevingar. Det manglar ikkje på turmål og har vorte tradisjon med ein årleg fellestur i regi av hytteforeninga. Styret oppmodar medlemmane til å sende inn forslag til fellesturar i nærområdet eller i  kort reiseavstand frå hyttefeltet.

 

Kolbeinsvatnet-Hamsedalen-8

Kolbeinsvatnet – Hamsedalen – 2014

Turen gjekk frå Stavbrekka, langs Kolbeinsvatnet og vidare inn i Hamsedalen. Vi hadde fleire stopp undervegs, og triveleg pause ved Kvitberghytta ved inngangen til Hamsedalen.

Les meir
Knivsflå 08082010_2

Knivsflå Geirangerfjorden – 2010

21 turglade personar møtte opp på kaia i Geiranger klare for å ta Knivsflå og Geirangerfjorden i «øyensyn». M/S Geirangerfjord køyrde fint oppunder berget i Knivsflåfjøra og sett oss av der.

Les meir
Fellestur Aursjøen

Aursjøen Skjåk – 2011

Laurdag 3.september gjekk årets tur i regi av hytteforeinga av stabelen. Som annonsert, gjekk vi kulturstigen ved Aursjøen.

Les meir
Billingen-5

Billingen Skjåk – 2012

Fellesturen i år gjekk til Billingen i Skjåk.

Les meir
Skageflå17082013_9

Skageflå med overgang til Homlongssetra og Geiranger – 2013

I nydeleg ver reiste 14 turgåarar til Geiranger for å ta turen til Skageflå. Båten gjekk kl. 09.30 frå Geiranger, og det tok ikkje lang tid før vi var klare til å stige av i fjøra ved Skageflå.

Les meir
Segestad 06092015_1

Segestad – 2015

Sidan den annonserte turen til hytteforeininga vart avlyst, inviterte Kjell like godt medlemmane på årsmøtet til å vere med på tur til Segestad i Oppstryn på søndag 6.september.

Les meir
Tur til Kjerringtjønn

Kjerringtjønne – 2016

Det var ingenting å klage over når det galt veret på den planlagde turen til hytteforeininga.

Vi hadde ønskt oss litt betre oppmøte, men åtte personar var med på turen som gjekk om Hamsehytta og Skomakarsteinen.

Les meir