Trimpostar

Det er tre trimpostar i området; Viahøi, Brua i Hamserunda og Hamsehytta. Vi oppmodar små og store til å besøkje postane og skrive seg inn i bøkene med dato, namn og gjerne hytteadresse slik vi veit kvar premien skal gå når det er trekning. Til årsmøtet kvar haust vert det trekt ein vinnar frå kvar bok som får eit gåvekort til ein verdi av kr 500,-. Vi gjer merksam på at premiane går til personar med tilknytning til hyttene i hytteforeninga.

Hamsehytta

Trimposten Hamsehytta ligg i Hamsedalen ikkje langt frå råsa til Danskehytta. Følg den merka råsa som startar ved brua i Hamsevika og går på austsida av elva Hamsa i retning Danskehytta. Etter ca 250m tek ein av frå den merka råsa og følgjer ei umerka rås i ca 500 m i nordleg retning over ei […]

Les meir
Utsikt frå Viahøi mot Hamsedalen

Viahøi

Trimposten på Viahøi er plassert på varden som står på kanten mot Breidalen. Ruta til Viahøi går langs ryggen frå hyttefeltet. Det er ikkje merka sti til toppen, men fint og lett terreng å gå i. Frå varden er det flott utsikt over Breidalen og Hamsevika, og går ein lenger innover fjellet får ein vidt utsyn over Hamsedalen. Det […]

Les meir
Hamserunda Foto KG

Hamserunda

Trimposten på Hamserunda er plassert ved brua inst i dalen. Ruta går på godt merka sti og det er skilt om Hamserunda frå brua i Hamsevika. Det er ein fin familietur eller trimtur. Om ein ikkje vil gå heilt inn til brua og trimposten er det også mulig å gå ein kortare runde.

Les meir