Godt oppmøte til dugnaden som også vart ei triveleg sosial stund med god prat og kaffipause i sola.
Godt oppmøte til dugnaden som også vart ei triveleg sosial stund med god prat og kaffipause i sola.
Nytt styre vart konstituert 4.10.2020, og du kan sjå samansetninga og kontaktdata til styret under «om oss».
Dei heldige vinnarane av gåvekort på kr 500,- vart kunngjort på medlemsmøtet 12. september 2020:
Vi gratulerer!
Ved spørsmål om brøyting av parkeringsplassen og tilkomstvegen frå RV15 kan vi kontakte Ola Lyngved i Mesta, tel: 917 77 125.
Ved dårleg ver må ein huske å sjekke om det er kolonnekøyring på RV15, før ein køyrer ut på vegen.
Sommarbrevet er sendt ut til alle medlemmane på e-post, du kan også lese brevet frå linken under:
https://mailchi.mp/b9387d66f1bb/sommar-2020-medlemsinfo-1562136
God Påske! Det er sendt ut Påskebrev på e-post til medlemmane i hytteforeninga. Du kan også lese brevet frå linken under:
https://mailchi.mp/e70e1d102022/paska-2020-medlemsinfo-1529540
På Facebook-sida til Skjåk Turløyper finn du alltid oppdatert informasjon om oppkøyrde løyper. Du kan støtte Skjåk Turløyper ved å gi eit bidrag til konto: 2085.26.57554 eller vipps 506023.
Har du huska feiing og tilsyn med med fyringsanlegget på hytta?
Ta kontakt med Bjørn Sverre Tengesdal på tlf 95 98 99 42 for å gjere avtale.
Skjåk kommune praktiserer utvida bandtvang. Det er mellom anna bandtvang i preparerte og merka skiløyper frå desse vert preparert til 31.mars, deretter er det generell bandtvang frå 1. april – 20. august, og utvida periode i hyttefelta i kommunen frå 21. august til 15. oktober.
Husk at avfallscontaineren på parkeringsplassen er kun for hushaldningsavfall. Grovavfall og kvitevarer m.m. skal leverast til miljøstasjonen i Bismo.
For å drive jakt og fiske i området er det nødvendig å kjøpe fiskekort og jaktlisens.
Fiskekortet gjeld for svært mange vatn i området til Skjåk Almenning. Les meir om ulike jaktløyver og kjøp på www.inatur.no.
Området i Breidalen og Hamsedalen har ein rik flora og fauna. Vi samlar bilete av plantar, dyr og fuglar som er observert i området.
Lørdag 13. oktober møtte om lag 30 personer opp på parkeringsplassen og lyste av arbeidsglede. Ryddesakser, motorsager, spader, og trillebårer var klare til å bli tatt i bruk. Planlagt arbeid ble gjennomført og vel så det! Resultatet ble en Gamle Geirangerveg som var farbar igjen….
Det var ein god gjeng som møtte opp til dugnad laurdag 3. oktober 2020. På programmet stod arbeid med å klippe, sage og rydde kratt frå vegkantane langs Gamle Geirangerveg, og fylle grus i dei mange holene i vegen. Greinsakser, spadar og river vart flittig brukt, Oddvar stilte med motorsag og tok ned fleire tre […]
Les meirLørdag 13. oktober var tillyst dugnadsdag i Hamsevika. Før dagen oppsto var det striregn og storm i vindkastene og det spøkte med hensyn til gjennomføring av planlagt arbeid. Det ble ikke lettere da dugnadsgeneralen Tor Hole sendte SMS om at han ikke kunne komme da veien ble sperret av ras. Mange tenkte at vi […]
Les meirSkjærtorsdag gjekk dei årlege påskeleikane av stabelen. I strålande solskin strøymde små og store til sletta. Det var stor deltaking i alle aldersgrupper i akekonkurransen, og ingenting å utsette på innsatsen. Vi talde over 70 små og store på sletta denne ettermiddagen. Gløgg og påskegodt gjekk med og det var mange som nytta seg av […]
Les meir