Dugnad og trivsel 2020

Det var ein god gjeng som møtte opp til dugnad laurdag 3. oktober 2020. På programmet stod arbeid med å klippe, sage og rydde kratt frå vegkantane langs Gamle Geirangerveg, og fylle grus i dei mange holene i vegen. Greinsakser, spadar og river vart flittig brukt, Oddvar stilte med motorsag og tok ned fleire tre som vaks inn på vegkanten. Tor hadde køyrt traktoren heile vegen frå Geiranger til Breidalen, og denne kom godt med i å frakte grus og fylle holer. Han hadde også med beitepussar/krattknusar som åt seg gjennom vegetasjonen langs vegen frå Hamsevika til Breidablikk, og ein motorljå som måtte gje pass etter at den vart overkøyrd av ein uheldig bilførar, då alle ivra etter å kome i gang med arbeidet. Vi har ikkje eksakt tal på alle som var med, men det var sikkert 25-30, og berre nokre av gjengen er fanga på bilda frå dugnaden.

Vi kan bekrefte at det er behov for ytterlegare arbeid på vegen, og ser fram til at Skjåk Kommune kjem på bana til sommaren og syter for at både vegen og grøftene vert utbetra. Parkeringsplassen ved buda er også svært nedsliten og treng ei grundig oppgradering. Der også bør det lagast gode grøfter i bakkant slik at vatnet ikkje renn utover plassen.

Breidalen stod i sin finaste haustskrud denne dagen, og sjølv om det var kjøleg så varma sola. Astrid var raskt på pletten og fiksa kaffi og eplekake til dei som tok seg tid til å ta ein pause i haustsola i Storskjæringa.

Dugnad er som eit kinderegg; ein får gjort eit godt stykke arbeid, får frisk fjelluft og det viktigaste av alt – triveleg sosialt samvær med hyggelege hyttenaboar.

Ein stor takk til alle som bidrog!