Avtale om brøyting av parkeringsplassen

Det er avtale mellom Skjåk Kommune og Statens Vegvesen om vinterbrøyting av parkeringsplassen og tilkomst til denne frå RV15. Det er semje om at parkeringsplassen har prioritet etter brøyting av RV15.

Avtalen gjeld brøyting av parkeringsplassen og tilkomst til denne og ikkje bistand til den enkelte hytteeigar/bileigar.

Ved usikre ver og føreforhold må alle som skal køyre ut på RV15 forsikre seg om at vegen ikkje er stengd for allmenn ferdsel. Kontakt vegmeldingstenesta til Statens Vegvesens Trafikktelefon 175 for informasjon om vegen.

For spørsmål knytta til brøyting av parkeringsplassen ta kontakt med Mesta ved Ola Lyngved, Tel: 917 77 125.