Aktuelt frå hytteforeininga

Ved dårleg ver må ein huske å sjekke om RV15 er open for fri ferdsel eller om det er kolonnekøyring. Ved kolonnekøyring må ein vente på kolonne i rett retning før ein køyrer ut på RV15.

Minner om at dei som vil ha tilgang til medlemsinfo og/eller stå oppført i medlemsregisteret må svare på utsendinga som var gjort på epost. Ta kontakt med styret om dette er uklart.

Brøyting av parkeringsplassen

Vinteren er her med behov for brøyting av parkeringsplassen og vegen frå RV15. Ved spørsmål om brøyting kan vi kontakte Ola Lyngved i Mesta, tel: 91777125.

Ved dårleg ver må ein huske å sjekke om RV15 er open for fri ferdsel, eller om det er kolonnekøyring.

Trekning av trimpostane

Dei heldige vinnarane av gåvekort på kr 500,- vart kunngjort på årsmøtet 2. september 2017:

  • Viahøi: Tri Midtlid
  • Hamserunda: Live Halse
  • Hamsehytta: Henriette Gjørtz Howden

Vi gratulerer!

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Lom og Skjåk brannvesen iverkset lovkrav om feiing og tilsyn med fyringsanlegg på hyttene i kommunen.

Ta kontakt med Bjørn Sverre Tengesdal på tlf 95 98 99 42 for å gjere avtale.

Bandtvang for hund

Skjåk kommune praktiserer utvida bandtvang. Det er mellom anna bandtvang i preparerte og merka skiløyper frå desse vert preparert til 31.mars, deretter er det generell bandtvang frå 1. april – 20. august, og utvida periode i hyttefelta i kommunen frå 21. august til 15. oktober.

Jakt og fiske

For å drive jakt og fiske i området er det nødvendig å kjøpe fiskekort og jaktlisens.

Fiskekortet gjeld for svært mange vatn i området til Skjåk Almenning. Les meir om ulike jaktløyver og kjøp på www.inatur.no.

Avfallscontainer

Husk at avfallscontaineren på parkeringsplassen er kun for hushaldningsavfall. Grovavfall og kvitevarer m.m. skal leverast til miljøstasjonen i Bismo.

Flora og fauna i Breidalen

Området i Breidalen og Hamsedalen har ein rik flora og fauna. Vi samlar bilete av plantar, dyr og fuglar som er observert i området.

Ymse aktivitetar og turar

Maling av buda – 2.september 2017Dugnadar

Buda på parkeringsplassen var noko verslitt og det var på tide med eit malingsstrøk. På kort varsel vart minidugnaden varsla på heimesida og saman med utsending av åsmøtepapira…

Les meir

Påskeaktivitet 2017Aktivitetar

Skjærtorsdag 13. april 2017 skein sola fint i Breidalen og ca 50 små og store møtte opp på sletta aust om buda til årets Påskeaktivitet. Styret hadde laga klart for aking og hopp, det var fyr i bålpanna, og tilbud om varm gløgg og litt påskegodt. Roger annonserte høglydt konkurransen for opna, og det var […]

Les meir
72-Hamsehytta 05092010_2

Restaurering av Hamsehytta – 2008-2010Dugnadar

Restaureringa av Hamsehytta var eit svært prosjekt som pågjekk over fleire  år. Mange dyktige og ivrige personar har gjort ein kjempeinnsats i å bygge oppatt steinbua. I dag er Hamsehytta eit fint turmål til glede for både hyttefolket og andre turgåarar.

Les meir

Webkamera i området